Ole Nilssen spelar trekkspel og durspel, og har dei siste åra markert seg som ein markant og nyskapande utøvar på den norske folkemusikkscena. Gjennom studier hjå ei rekkje ulike læremeistrar og eigen fordjuping i eldre notenedskrifter og historiske lydopptak, har han tileigna seg eit breitt repertoar av både bygdedans- og gammaldansmusikk frå Hedmarken. Dei siste åra har han også arbeidd med durspeltradisjonen i Sogn.
Sommaren 2017 lanserte han si første soloplate: "Premiér" som same år vart nominert til FOLKELARMPRISEN for beste soloplate. Nilssen er også ein av dei fremste dansarane i landet, og har fleire gongar gått til topps på både Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk saman med dansepartnar Solveig Brekke Hauknes. Han held jamleg dansekurs i både tradisjonsdansar og i folkeleg danseteknikk. Nilssen har bachelor i utøvande folkemusikk frå Norges Musikkhøgskole og arbeider til dagleg som utøvar og pedagog innan musikk og dans. Dei siste åra har han medverka på danseframsyningar, i teateroppsettingar, på skulekonsertar, og som produsent. Under Folkelarm 2018 vann han konkurransen INTRO-folk, eit Gramostipend på 100 000,- og fekk tittelen "Årets unge folkemusikar 2018". Kontakt: Ole Nilssen +47 95 18 16 72 mail@olenilssen.com |
Prisar og utmerkingar
![]()
Diskografi
|